Velkommen til Trygve Bjerkreim-kveld på Sion, laurdag 14 oktober kl. 19:00, med Lovsongsbrørne.
Alle er velkomne, det blir servering.
Tema «Han tek ikkje glansen av livet»
Trygve Bjerkrheim er ein folkekjær diktar, og det
er vel ingen norsk diktar som har etterlete seg ei slik mengd av dikt og songar, salmar og kvad.
Lyrikken har mange tema, og spennvidda i
diktinga hans er stor og variert. Han er truleg mest kjend innafor kyrkje- og bedehusmile for salmar og songar der han formidlar rikdommen i evangeliet i eit enkelt og kvardagsleg språk. Men han har ogs skrive mykje om natur og fedreland, familie, heim og kvardagsliv. Td «Ver god mens du kan», «Ver god imot bror din» og «Me tenkjer pà landet, det land du oss gav».
Han sa om seg sjølv at han følte han var fødd med «musikk i sjela», – men musikken vart ikkje formidla pả noteark og klaver, men han spelte så ømt og vakkert som berre ein ordkunstnar kan pả dei to instrumenta sine: nynorsk og bokmål. Og først og fremst nynorsk.
Dei fleste har fått med seg store eller små smakebitar av songar og dikt, bla, frå Ønskekonserten og andre samanhengar. Td: «Det er makt i de foldede hender», «Du får koma til Jesus.» og Jesus tek seg av den eine …» Og sjølvsagt: Han tek ikkje glansen av livet.
Ola Malvin vil fortelja litt frå liv og kvardag til denne folkekjære og livsnære forfattaren – og ta oss med inn i bakgrunnen for nokre av songane. Og det blir diktlesing ved Kari Bolette.
Tilskipar for kvelden er Lovsongsbrørne på Stord og forsamlinga Sion pả Mosterhamn.
Kollekten vil gå til Mediearbeid,- formidla ved Norea Til info nemner me at NOREA var eit av Bjerkreim sine «hjartebarn»